Huset        


Øydve Gardsturisme


Me
som driv denne nettstaden heiter Anne-Marie
og Magne T. Øydvin.

Garden ligg omlag 4 km frå Ulvik sentrum, i retning Osa.
På garden har me frukt, grønnsaker, kviger og sauer,
og me er både to opptekne av å føra kultur og tradisjonar
vidare til komande generasjonar, gjennom formidling på
ulike måtar.

I "Besto si stove" driv Anne-Marie med servering for grupper,  og ho lagar og syltetøy og gele av frukt og bær for sal.

Så om du vil ha ferske grønnsaker, frukt eller heimelaga syltetøy medan du er her, eller med deg heim som eit ferieminne, er du velkomen oppom til ein handel
og litt prat om ver og vind.

heim som eit ferieminne, er du velkomen oppom til
ein handel og litt prat om ver og vind.

       

Namnet Øydvin tyder sletta på eidet, og garden er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1314, men her har truleg vore busetnad sidan år 300-400 e.Kr., då det er flerie gravrøyser frå bronsealdaren på garden. I tida mellom 1350 og 1560 (etter Svartedauden) lå garden truleg aude. Fram til 1695 var det berre ein brukar på Øydve, men etter den tid har garden vorte delt i fleire bruk. Bøndene på Øydve har ikkje hatt eigedomsretten til gardane sine, men har vore leiglendingar under Baroniet i Rosendal heilt fram til 1930-åra. 

Frå gamalt av låg alle husa på dei forskjellige bruka i eit tun, med åkrar, enger og beite spreidt rundt om på garden. I perioden 1899-1902 vart dette endra ved utskiftingar, og bruka og tuna fekk den plasseringa dei har i dag.

I eldre tider hadde dei både kyr, sauer, geiter, grisar og hestar. Sauene, geitene og kyrne vart sleppte på sommarbeite i fjellet, under oppsyn av budeier og budeiebaltar. På stølen ysta dei ost, kinna smør, fiska vatna og plukka blåbær og molter på myrane. Dei hadde gode vårstølar nede ved sjøen på andre sida av Osafjorden, og Bortom er eit av desse stølshusa. Sommarstølen ligg i Døgrsdalen, oppe i fjellet på andre sida av fjorden, og me bufører framleis sauene dit kvar vår. 
           

Sau


Øydve på kartet 

Meir om oss
Arving          

Kontaktinformasjon
 
Øydve Gardsturisme
Øydve
        
5730 Ulvik

Mob: 0047 99431036
      

  

 

E-post:   magnet@ulvik.org

E-post:   anne.marie.oydvin@gmail.com