Kulturformidling     
Me i Øydve Gardsturisme formidlar og kultur av ymse slag,
men aller helst vår eigen, nemleg folkemusikken og folkedansen.
Heile familien er meir eller mindre involvert i dette;
som dansarar, songarar, instruktørar og formidlarar av norsk kultur.
Har du ein tanke om noko, så ta kontakt - saman kan me få til det meste.
   
Ulvik Folklore
er ei gruppe med unge dansarar, songarar og musikarar som har
eksistert i meir enn 10 år. No er det "tredje generasjon" ungdomar
som driv gruppa og som har faste framsyningar kvar måndag
i sommarsesongen på Elvatun i Ulvik.
Utanom dette tek dei og på seg oppdrag rundt om i Hardanger,
samt på  Voss. Gruppa har og delteke på festivalar i inn- og utland, m.a.
Kystsogevekene og Kielerwoche.

 

Anna, Halldor & Alexander
Dette trekløveret er nokon av dei fremste unge utøvarane i Hardanger
i dag, og dei tilbyr eit program med song, spel og dans som like gjerne
kan nyttast som fødselsdagsgåve som til kulturinnslag på konferansar
og møte.
 
Øydvinstod Kultursti
I Øydinstod eller Sjohagen som staden og vert kalla, finn du ein kultursti
med informasjon om bruken av fjorden og nausta både i fortid og i notid.

Me har laga eit kart og ein enkel faldar med informasjon om kulturminna
du ser på di vandring som du kan laste ned her .

For grupper kan me arrangera ein tur med guide
og turen kan og kombinerast med ei vitjing i "Besto si stove".
 

Sjohagen1