Huset              Besto si stove

er som namnet seier - nettopp Besto si stove,
dvs. serveringstaden er i den delen av gardshuset som Magne si bestemor budde i tidlegare.

Her har Anne-Marie bygd opp eit serveringslokale der du garantert for smaka heimelaga mat.

Anne-Marie er ikkje utdanna som kokk, men
har arva ei interesse for god mat frå Bestemor
si som ofte holdt middagsselkaper med både
15 og 20 til bords
               
            
                     

Når de er på gardsvitjing på Øydve får de til
vanleg servert kaffi/te og kaker , men
s
kulle de ha trong for noko meir mettande bør de ta ein titt på lunsjmenyen.
Her er både tradisjonell
norsk kost og nokre
meir framande rettar, og alt er i størst mogleg grad basert på råvarer frå eigen gard.

Om gruppa tel meir enn 30 personar tek me
og i bruk vår eiga stove som ligg vegg i vegg,
slik at det ikkje vert for trangt for dykk når de
skal nyta maten.

Me tek og i mot mindre middagsselskap
-men me vil ikkje anbefale at de er meir enn
maksimum 20 til bords.
Ved å ta ein titt på vår menyside kan de sjølv
velja ut dei rettane de ynskjer å få servert.
   

I_20Besto_20si_20stove_207


Kalvene

Du vil heilt sikkert sikkert treffa hundane som 
heiter  Stella og Tessa når du er på vitjing på
garden, men på grunn av restriksjonar i samband med  husdyrsjukdommar må me vera litt varsame
med vitjande i fjos og flor, men om våren
og hausten når sauer og lam er ute,
kan me gå og sjå på dei.
Om sommaren er sauene i fjellet,
men kalvane er på heima beite så dei kan
me ta ein tur opp til om du vil.