Huset        

Øydve frukt og trepleie

Me er Torgeir Øydvin og Sunniva M K Sæterdal. Me tok over familiegarden til Torgeir frå Magne og Anne Marie i Januar 2023. Sunniva arbeider som anleggsgartnar i Voss Herad og Torgeir jobbar som trefellar/trepleiar/linjeryddar. Torgeir er oppvaksen på garden og har vå med sian han var ein liten gut. Me ynskjer å fortsette å drive garden slik den har vore, med god hjelp frå kårfolket. Men også fornye og utvikle oss. Me har 3 aktive gutar frå 1,5 til 8 år som er til god hjelp med dyra og elles er med på det meste av aktivitetar.

Garden ligg omlag 4 km frå Ulvik sentrum, i retning Osa.
På garden har me frukt, grønsaker, kviger og sauer. I tillegg driv me ved produksjon

 


       

Namnet Øydvin tyder sletta på eidet, og garden er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1314, men her har truleg vore busetnad sidan år 300-400 e.Kr., då det er flerie gravrøyser frå bronsealdaren på garden. I tida mellom 1350 og 1560 (etter Svartedauden) lå garden truleg aude. Fram til 1695 var det berre ein brukar på Øydve, men etter den tid har garden vorte delt i fleire bruk. Bøndene på Øydve har ikkje hatt eigedomsretten til gardane sine, men har vore leiglendingar under Baroniet i Rosendal heilt fram til 1930-åra. 

Frå gamalt av låg alle husa på dei forskjellige bruka i eit tun, med åkrar, enger og beite spreidt rundt om på garden. I perioden 1899-1902 vart dette endra ved utskiftingar, og bruka og tuna fekk den plasseringa dei har i dag.

I eldre tider hadde dei både kyr, sauer, geiter, grisar og hestar. Sauene, geitene og kyrne vart sleppte på sommarbeite i fjellet, under oppsyn av budeier og budeiebaltar. På stølen ysta dei ost, kinna smør, fiska vatna og plukka blåbær og molter på myrane. Dei hadde gode vårstølar nede ved sjøen på andre sida av Osafjorden, og Bortom er eit av desse stølshusa. Sommarstølen ligg i Døgrsdalen, oppe i fjellet på andre sida av fjorden, og me bufører framleis sauene dit kvar vår. 
           

Sau


Øydve på kartet 

Meir om oss
Arving          

Kontaktinformasjon
 
Øydve frukt og trepleie
Osavegen 293       
5730 Ulvik

Mob Torgeir: 0047 94008351
      

  

 

E-post:   torgeiroydvin@gmail.com