Feriehuset "Butikken" er opprinneleg frå 1880 og var i gamle
dagar ein handelsstad med butikk, post og telegraf. Huset er no heilt restaurert, men ein del gamle materialar og andre opprinnelege detaljer er teke vare på og brukt opp att. Det romantiske huset har vakker utsikt over Osafjorden og ein kan sitte på terrassen og nyte dei lange ljose sommarkveldane.